Plus-Book-8023-2019-04-22.jpg
 

Våren 2019 kom boka om Dokter Haugen ut i 800 eksemplar. På nokre månader vart ho utseld, og på sumaren same år kom andreutgåva som no er ute i butikkane.


«Utruleg kjekk og morsom bok. Har lese ho frå perm til perm.»
– Bjørg Røssland Nes


Om boka

Opptakten til boka byrja som ein serie på nettstaden uskedalen.no før jul i 2014, med overveldande og positiv respons både frå lesarar og innsendarar av historiar. Initiativtakarar til bokprosjektet var Thor Inge Døssland og Kristian Bringedal, som etter ei modningstid og eit par års tankeverksemd, fekk Kristian Hus med på laget. Dei tre har ført arbeidet vidare, mellom anna gjennom samtalar med slekt, tidlegare kollegaer, vener og andre som hugsar Endre Haugen.

Bokutgjevarane har også fått innsyn i Haugen sine personlege betraktningar om livet som lege.

Med eit vidt distrikt, i ei tid med vanskelege kommunikasjonar og veglause grender, skjøtta han den viktige jobben på ein framifrå måte, skriv boknemnda i føreordet.

– Vi håpar og trur at boka vil ha historisk verdi, då ho kastar ljos over dei store endringane som har vore på ulike område etter Haugen si tid.

Boka er på 200 sider og er trykt i 1200 eksemplar (800 av førsteutgåva, 400 av andreutgåva). Ho er rikt illustrert med mange bilete og teikningar frå ulike hendingar. Kristian Hus er utgjevar under føretaket Skimtvis, den grafiske utforminga har Multipleks design stått for. Dette er den fjerde boka far og son Hus samarbeider om.

– Vi trur både unge og eldre vil ha stor glede av å lesa om den fargerike distriktslegen. Dokter Haugen stod for verdiar som aldri går ut på dato, seier dei tre i boknemnda.

Boka er til sals i desse butikkane i Kvinnherad:

• Kvinnherad Libris, Husnes
• Rosendal bokhandel
• SPAR Uskedalen
• SPAR Sæbøvik
• SPAR Hatlestrand
• Varaldsøy handel
• Joker Ølve

Du kan også tinga boka i din lokale bokhandel over heile landet. Om du ønskjer å tinga boka på nett, kan du nytta skjemaet her eller sende oss ein e-post, men då kjem fraktutgifter i tillegg. Bok-pris kr 359,-. Porto kr 82 (+ moms) for eitt eksemplar.


«Eg fekk nett i dag boka i gåve og er byrja lesa. Ei utruleg fin bok om eit uvanleg godt og fint menneske. Mange historier er fortalt om denne særeigne mannen, og alle fulle av humor og velvilje over for minnet om han.»
– Ølver Hjelmeland


Om andreutgåva 

20190801-DSCF6433.jpg

Alle småhistoriane (på farga sider) er samla og skrivne av dei tre i boknemnda, medan annan tekst er skriven av Kristian Hus med nokre bidrag av Thor Inge Døssland.

Bileta er tekne av Kristian Hus, utanom der noko anna er nemnt.

Teikningar er av Ole Bjarte Røssland. 

I andre utgåva av boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 har vi retta nokre språklege feil og inkuriar som vi har klart å finna medan vi har lese førsteutgåva. To småtekstar har bytta plass, slik at teikninga som høyrde til no er på same side. Fargen på omslaget er endra frå blå til gul, slik at ein lettare kan skilje dei to utgåvene frå kvarandre. Utanom dette er dei to bøkene heilt like.

Etter at førsteutgåva vart utgjeven, har vi fått inn mange nye historiar og anekdotar om dr. Haugen. Desse vil bli publiserte her på nettsida.

Har du andre minne etter dokteren å fortelja om? Kontakt oss gjerne på e-post.

Vi vil vurdera å leggja ut alle nye historiar på nettsida. Slik vert det eit levande lokalhistorisk arkiv der. 

Til sist vil vi takka for at boka har fått så stor merksemd at vi kunne gje ut ei andre utgåve.

Boknemnda, juli 2019


«Dette var storveges. Eg har lese og sitert frå boka og oppmodar alle om å gå på bokhandelen i morgon den dag.»
– Olaf A. Gausvik


Boknemnda

20190420-DSCF5266-2.jpg

Thor Inge Døssland

Thor Inge Døssland (f. 1954) er lærar og har mesteparten av tida arbeidd i Kvinnherad kommune, hovudsakleg ved Husnes ungdomsskule og i Vaksenopplæringa. Har alltid vore interessert i det som har rørt seg i bygdesamfunnet, og har såleis vore aktiv i lags- og kulturlivet i Uskedalen. Mellom anna har han vore med i drifta av nettsida uskedalen.no i rundt 10 år.

Siste åra har han utanom jobben hatt stort fokus på boka om dokter Haugen og var ein av initiativtakarane til dette prosjektet.

20190420-DSCF5266-4.jpg

Kristian Olav Bringedal

Kristian Olav Bringedal (f. 1951) har òg hatt arbeidet sitt i skuleverket, med utdanning frå Stord off. lærarskule, vidareutdanning i norsk, spesialpedagogikk og leiing.

Har arbeidd som lærar, rektor, pedagogisk rettleiar og som kultursjef i Kvinnherad.

Han er interessert i målsak, kulturvern, musikk- og korsong, soknerådsarbeid og bygdeutvikling.

Han er no ansvarleg for nettsida uskedalen.no.

20190420-DSCF5266-3.jpg

Kristian Hus

Kristian Hus (f. 1940) fekk i ung alder interesse for ord og bokstavar i bladet Grenda sitt prenteverk. Etter typograflære i Haugesunds Avis, var han i 1965 med og etablerte Aksidenstrykkeriet på Husnes, då industrireisinga var i full gang her. I alle år seinare har han vore mediamann, med journalistisk erfaring frå Kvinnheringen, Svalbardposten, NRK Hordaland og digitale medier, som Innsida.no og HusnesNett.no. I dag driv Hus nettstaden Skimtvis.no på hobbybasis.

Hus har skrive tre bøker tidlegare: Den første var Godt vaksen i 2015, medan Frå heim til heim kom ut året etter. Begge desse bøkene handla om eldre og deira livssituasjon. I 2018 kom Den sindige villmannen, om Tjerand Aske frå Fjelberg.

 
Boknemnda tok imot nye bøker 17. juli 2019, og gler seg over det gode salet. (Foto: Solveig Helgeland Hus)

Boknemnda tok imot nye bøker 17. juli 2019, og gler seg over det gode salet. (Foto: Solveig Helgeland Hus)


«Eg fekk boka i går og storkosar meg med lesing. Eg hugsar jo godt Haugen frå barndommen, ser han for meg på motorsykkelen med skinnhjelmen. Fantastisk flott bok! Lykke til med salet vidare!»

– Eldbjørg Sørheim



«Så kjekt at salet går unna. Igjen tusen takk for alt arbeidet de har lagt ned for å skriva ei god og kjekk bok om bestefaren min.»

– Kjell Haugen


«Eg har no lese boka, med stor glede. Eg trur at mange med meg vil gle seg, særleg vi eldre. Haugen var den ypperste representant for ein kunst som no synes borte: Den kvikke og treffande replikks kunst med beskrivande, rett og morsomt innhald. Eg føler vi er hamna i eit samfunn der snart humoren skal gravleggjast, folk skal bli ‹krenkt› for ingenting, for den reine livsgleda. Etter mitt syn er der nett no nokre rørsler, som i alle fall i media rir debatten som ei mare. Vi hadde der hatt bruk for ein dokter Haugen for å få det ned på jorda att.»

– Ølver Hjelmeland


«Tusen takk for ei viktig, interessant og vakker bok.»

– Margareth Haugland